Laster...

Tveit IPT-gard i Tveitaron, Vang kommune

Litt om garden:

Garden Tveit ligg i austenden av Vang kommune. Vang er kjend for sine makalause fjell og natur. Jordbruk og turisme er viktige næringar i Vang. 

På garden driv me mjølke- og kjøtproduksjon. Eit fjøs med mjølkekyr og eit fjøs med oppdrett av oksar. Om sumaren bur me på Tveitastølen, der me mjølkar vel 6 veker. Eit eldorado for rekreasjon både for folk og fe. Hunden Solan er med oss i kvardagen både heime og på stølen.

Ved garden heime har me våtmarksområdet Tveitahøl`n, med rikt og spennande fugleliv. Elva Begna renn tett ved, og er ei populær fiskeelv. Turvegar og stigar rett utanfor gardsplassen som gir gode opplevingar alle årstider, samt eigen gapahuk og andre fine stader ein kan kvile og raste ved. Tyttebæra veks rett ved kjøkkenhagen vår, og skogen bugnar tå bær og sopp om hausten. Og når naturen gir er det viktig å ta imot, er vårt motto. 

Bålplassen ved kjøkkenhagen er ofte nytta, både til den gode praten, men og avslapping i hengekøya. Vinterstid er ofte trugetur ein god opplevelse, både langs elva Begna, men og opp i skogen til Kongevegen. Baksterommet er mest i bruk på vinterstid til lefsebaking, men står der klart til meir bakst. Snikkarboden kan nyttast både til snikkering av fuglekasser, hyller, småreparering mm. 

 

Me på garden:

Me, Inger og Knut,  tok over garden Tveit i 1999, etter Knut sine foreldre. Knut var snikkar før han vart heiltidsbonde. Inger hadde sitt arbeid i skatteetaten, men sa opp då tredjemann kom i 1998. Har sidan då jobba deltid både innan skule/barnehage og rekneskap samt asylmottak.  Det har vore Knut som har vore sjefen i gardsdrifta, unntatt om sumaren. Då har budeia Inger hatt kontrollen på stølen. Me har over mange år ynskt utvikle garden til noko meir, og har no tatt steget med Inn på tunet. 

 

Inn på tunet-tilbod:

Me ynskjer å gje våre brukarar ein god kvardag der tryggheit, trivsel, meistring og utvikling er i fokus. Det å ha tid, sjå den enkelte, inkludere, vise glede og respekt er viktig for oss.

Ilag skal med finne ut av kva mål den enkelte har, og være med å bidra til at brukarane klarer dette i trygge og gode omgivelsar.

Me har tilbod til skule, arbeidstrening, yrkesopplæring/omskolering, psykisk helse, arbeid og språktrening og evt anna. 

 

Ta gjerne kontakt for ein prat!  


Kontakt Inn på tunet Innlandet SA

Eli Grøntoft Dybdahl

Tlf.: 915 55 293

E-mail:egd@innpatunet.no